Den gode samtalen

Den grunnleggjande drivkrafta bak eit politisk engasjement er ønsket om endring. Me leitar etter nye løysingar når gamle metodar ikkje lenger fungerer. Det fører den som ønsker endring, i stadig konflikt mot det beståande. Nrk og Aftenbladet meldte denne veka at KverulantKatedralen startar opp til hausten i Café Sting. Når Kristoffer Stensrud nå investerer i KåKå, er det eit svært velkome initiativ. Han ynskjer kverulanten velkomen til byen og vil gi henne ei scene og eit publikum. Eg ser i likhet med Stensrud kverulanten som nyttig for byen vår. Demokratiet vårt er avhengig av at nokon stiller spørsmål ved det etablerte.

Kverulanten er eit engasjert politisk menneske, men ofte ein fri foggel. Ho ser seg ikkje nøygd med eit vedtatt partiprogram. Når noko endeleg er avgjort, er kverulanten på veg mot nye mål. Desse framstormande tankane er det Stensrud, Jan Inge Reilstad og Hallgeir Langeland vil gi ein talarstol. Men er det eigenleg det kverulanten treng? Nei, tenkjer eg. Det er nemlig noko mindre flatterande som kjenneteiknar kverulanten, og det er hennar manglande evne til å lytta. Å høyra på den veltalande kverulanten vil vera god underhaldning, men blir det endring av det?

Det er medspelarar kverulanten treng, ikkje motspelarar. I tillegg treng ho ei anna form enn debattforma, som nå rår i det offentlege rommet. I debattane me ser på TV og på politiske møter, er ingen interesserte i å lytta. Medan ein snakkar, tenkjer dei andre debattantane på kva dei skal seia når det blir deira tur. Målet er ikkje å komma fram til noko, men å knusa argumenta til motstandaren. Då er vegen kort til personangrep, latterleggjering og bruk av forvridde fakta. Debatten blir eit spel som me etter kvart ser tvers gjennom, og me vanlege folk forlet dette rommet. Me konsentrerer oss heller om ‘dei nære ting’ – treningsøktene, interiøret vårt og borna våre (i den rekkefølgja).

Men det som òg er konsekvensen, er at politikarane sjølve forlet dette debatt-spelet. I staden skaper dei seg det lukka rommet der dei kan samtala og gå i djupna i sakene. Døme på slike rom er tenketankane Agenda og Civita. Dei har kun inviterte medlemmer og bestemmer sjølve når tankar og idéar er modne for det offentlege. Med tanke på debattklimaet i det offentlege rommet er det lett å forstå kvifor slike tenketankar blir stifta. Det kjem mykje interessant ut frå Civita, til dømes. Men avarten av slike løynde samtalar ser me når ‘rådgjevarar’ og politikarar sit fortrulege saman og tenkjer løysingar som gagnar ein betalande 3dje-part. Stråmennene i First House og andre konsulentbedriftar si framste oppgåve er å kopla saman makt og pengar. Og det som kjem til overflata etter slike samtalar, er skremmande og uforståelege for oss ikkje-maktmenneske. Det har vist seg at regjeringa og Stortingspresidenten si avgjersle om å ikkje ta imot Dalai Lama, var tufta på råd frå First House. I desse dagane er det òg avslørt at First House forsøker å påverka avgjersla om at Oljefondet skal selja seg ut av kullbasert energi. Desse avsløringane viser at den lukka samtalen fort kan komma i galt spor og vera på tvers av folkemeininga.

Den offentlege samtalen er motvekta til dette. Han er uavhengig og fri og stiller makta til veggs når urett skjer. Initiativtakarane til KåKå ønsker ei gjenoppliving av samtalen og det er det som er mest gledeleg og spanande. Men me har ein veg å gå før me veit korleis me legg til rette for den gode samtalen. Visse kriterier er likevel kjende, men underkjent i debattkulturen: Deltakarane må vera opne for og ha respekt for andre sine meiningar. Dei må evna å setja seg i den andre sin situasjon.  Dei må òg setja seg inn i sakene og bidra inn i samtalen med faktabaserte argument. Dei må tala på vegne av seg sjølve, ikkje sitera frå ferdigprenta partiprogram.

Det er ein slik samtale eg vil lytta til og delta i.

Skrevet av Aud Jorunn Hakestad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *